Eit vintereventyr der Sognefjorden går på land

av | Adventure, Annonsørinnhold, Gjenoppdag Norge, Naturopplevelser

Kulturvandring i Utladalen (Foto: Genevieve Hathaway/Bulder og Brak)

Er du blant dei som fekk augo opp for eige land i sommar? I så fall har du nok fått meirsmak, og du treng slett ikkje venta til neste sommar med å finna nye reisemål. Årdal er det perfekte utgangspunktet for deg som er eventyrlysten og som likar å ta deg fram utanfor dei mest opptrakka rutene på Vestlandet.

I Årdal finn du dramatisk natur og spektakulære utsynspunkt – og sjølv det mest entusiastiske friluftsmennesket let seg gripa. Det er ikkje utan grunn at klatrepionerar, kunstnarar og fjellfolk har funne vegen til Årdal opp gjennom historia – men det fine er at mange av turane framleis er gøymde perler som i hovudsak berre er kjende for lokalbefolkninga. Her kjem våre beste tips til eit vintereventyr i Årdal:

Trugetur til kanten av Paradisjuvet

Å gå på truger i vinterkledd landskap gir naturopplevingar utanom det vanlege – også for deg som ikkje likar å gå på ski. Med truger på beina kan du ta deg gjennom idyllisk furuskog til Brendefjell og Paradisjuvet, og der vil fjordlandskapet bretta seg ut nedanfor beina på deg og gje deg kjensla av å vera ein liten del av ein vakker heilskap.

Trugetur

Trugetur til kanten av Paradisjuvet (Foto: Bulder og Brak)

Turen til Paradisjuvet er ei gøymd perle som i hovudsak blir nytta som friluftsområde for lokalbefolkninga, så her har det vore få turistar før deg.

Blir du med Bulder & Brak Opplevingar på guida tur, får du historieforteljing, bålkos og lokalmat på kjøpet. Torunn, som har vakse opp i Årdal, stiller som lokalkjend vegvisar.

Trugetur med bulder og brak

Trugetur til kanten av Paradisjuvet (Foto: Bulder og Brak)

 Turen startar ved Seimsåsen ski- og aktivitetssenter i Indre Ofredal. Høgdemeter: 160. Varigheit: omlag 4-5 timar t/r.

Vinterpadling på Sognefjorden

Å padla på Sognefjorden med eit vinterkledd fjellandskap rundt deg, er eksotisk for mange, men også eit eventyr innan rekkevidde for dei fleste.  Dette let seg kombinera med både trugetur og andre opplevingar i Årdal. Sognefjorden er verdas lengste farbare fjord. At fjorden er farbar tyder ganske enkelt at den er isfri, og dermed let seg padla heile året rundt.

vinterpadling i Sognefjorden

Vinterpadling på Sognefjorden (Foto: Bulder og Brak)

Ein hovudbodskap frå den lokale verksemda Bulder & Brak Opplevingar er nettopp at kajakkpadling er ein heilårsaktivitet, og dei tek deg gjerne med på padletur på fjorden – kledd i tørrdrakt. 

vinterpadling i sognefjorden

Vinterpadling på Sognefjorden (Foto: Bulder og Brak)

Og det er verkeleg ei oppleving å padla på Sognefjorden om vinteren. Opplevinga er heilt annleis enn om sommaren. Landskapet er blått og kvitt og stille, medan sommaren kjem med buldrande fossar, syngande fuglar og summande insekt. Vinteren kjennest som ei magisk eventyrverd, der ein duppar utover fjorden med snødekte fjell overalt. Fjorden er svart og mørk, lyset blått og landskapet kvitt.

 Vil du vita meir om vinteraktivitetar i Årdal? Sjå Visit Årdal 

Kulturvandring i Utladalen

Veit du forresten at den djupaste dalen i Nord-Europa er å finna i Årdal? Utladalen strekk seg som eit øksehogg i landskapet heilt frå Årdalsvatnet og til toppen av Store Skagastølstind i Hurrungane i Vest-Jotunheimen. Dalføret er kjend for å vera vilt og vakkert, og kanskje spesielt om vinteren. Og går du langt nok kjem du til Vettisfossen – fossen med lengst fritt fall i Nord-Europa (275 m).

Og her kan du bli med den pensjonerte kaldblodstravaren, Frysning, på vandring innover dalen. Å ta hesten i bruk som kløvhest er eit bevisst val, fordi det gjer det lettare å gjera historia levande. Menneska som pleidde å bu i Utladalen var heilt avhengige av hesten sin styrke, både til kløvjing og for å dra plog, vogn eller tømmer. Å vandra gjennom Utladalen med hest fører oss nærare naturen også, fordi me får observera korleis hesten instinktivt rører seg gjennom krevjande terreng. Stol på at Frysning finn vegen. Han er 23 år gammal, og framleis sterk og ivrig. Han pleidde å vera løpshest, men nyt no livet som ven og vegvisar i verdas vakraste dal. For meir informasjon sjekk ut Bulder og Brak

Kulturvandring i Utladalen

Kulturvandring i Utladalen (Foto: Genevieve Hathaway/Bulder og Brak) 

*** Annonsørinnhold fra Bulder og Brak ***

Annonse

Relaterte innlegg

Janicke Hansen

Janicke Hansen

Skribent og fotograf

Janicke Hansen er skaperen av adventure reisebloggen "Let's get lost" og startet bloggen i 2011. Hun driver i dag boutique byrået Syde AS som leverer tjenester innen markedsføring, digital historiefortelling og innholdsproduksjon primært for reiseliv-, opplevelse- og handelsbedrifter. Gjennom destinasjonsmarkedsføringstjenesten Travel.Syde produseres og publiseres profesjonelt innhold for internasjonale og norske destinasjoner og reiserelaterte merkevarer, både journalistisk feature artikler, content marketing og programmatisk annonsering. Janicke er internasjonal foredragsholder og reiser verden rundt for å dele sin erfaring. I mange år drev hun det Nordiske influenserbyrået og nettverket NordicTB.com sammen med en god kollega i Sverige. Disse tjenestene er nå en del av Syde. Janicke var tidligere President i det internasjonale reisebloggernettverket "Professional Travel Bloggers Association" (PTBA)